Syng ut! Protestsongar i gjendikting (2020)

Lik forlag og Tidsskriftet Mellom presenterer antologien «Syng ut! Protestsongar i gjendikting»!

Boka inneheld songar om kvinnekamp, miljøkamp, klassekamp, fredskamp, flyktningkamp, urfolkskamp, kamp mot atomkraft og religionskritikk, innom sjangrane vise, folk, pop, rapp, pønk og musikal. Tekstane er omsette frå arabisk, engelsk, fransk, japansk, nordsamisk, polsk, russisk, tigrinja og tysk, av gjendiktarane Kristin Storrusten, Madeleine Gedde Metz, Gina Tandberg, Ingvill Kjærstein, Svein Lund, Sara Nes & Wassim Rustom, Teodor Ekblad Aagaard & Aleksandra Wilkus-Wyrwa, Karin Røsstad, Pål F. Breivik, Sofia Knudsen Estifanos & Markos Estifanos, og Odd Goksøyr. Forord av Ida Hove Solberg, design av Ørjan Laxaa og framsidefoto av Lise Hartvigsen.

Originaltekstene er skrevet av James Oppenheim, et fransk feministkollektiv, Nina Hagen, Hipopo Daio, Emma Ellaine, Ahmed Fouad Negm, Ernest Bryll, Oxxxymiron, Renaud, Yemane Barya og Leonard Cohen.

Sammen med Ingeborg Urke Myklebust, Ida Hove Solberg og Julia Wiedlocha har Erlend Wichne redigert antologien. Her er et utdrag fra Ida sitt medrivende forord:

Protestrørsler held seg sjeldan innanfor språk- og landegrenser. Dei har internasjonal utbreiing. Tanken er jo fri. Idear om endring spreier seg, og dei reiser, blant anna ved at dei blir omsette – frå språk til språk og frå kamp til kamp. Slik blir lokale saker, hendingar og draumar bundne saman til nett som dannar omriss av dei store rørslene.

Ida hove solberg, syng ut! protestsongar i gjendikting
%d bloggere like this: